onsdag 19. september 2012

Kvardagslykke i eit lys.





Eg elskar duftlys! Men eg har også sterke meiningar om korleis eg vil dei skal vere. Dei skal lukte - men ikkje for mykje. Dei skal ha ei spesiell duft - men ikkje så spesiell at eg blir lei etter 10 min.  Dei skal vere laga av naturlig mineralvoks - så eg slepp å bekymre meg for alle dei kjemiske stoffa som svirrar rundt. Dei må også gjerne vere litt fine å sjå til sidan eg helst har dei framme heile tida.


No har eg endelig funne dei perfekte! Dei oppfyller alle kriteria mine, og finnes heldigvis i mangemange knallgode dufter. Eg klarte ikkje bestemme meg for kva for eit eg skulle prøve først, så eg hamstra med meg tre med ein gang. "Amber & Lavender", "Bitter vanilla" og "Fresh linen". "Fresh Linen" har eg ikkje fyrt på enda, men tok av lokket å satt den på soverommet, og no dufter det herlig nyvaska sengetøy heile tida. Det at dei er handlaga i ei lita landsbygd i England er prikken over i'en. Superfornøgd! Lysa er selvfølgelig kjøpt på Fiolen i Stryn Ein stor takk til Astrid for at du tok inn desse flotte lysa!







torsdag 13. september 2012

Kveldsro i heimen.


Smågulla er komne i seng. Fyr i ovnen, kveikte stearinlys og tekoppen er leita fram. Eg er litt småpjusk i dag, så har store plana om å bli sittande i godstolen resten av kvelden. Med strikketøy og nyaste "Vakre hjem og interiør" trur eg det skal gå HEILT fint.

Ha ein god kveld alle mann der ute i bloggland!



tirsdag 11. september 2012

Sommarferie med stor S..

...Også var det plutseleg fleire månader sidan sist innlegg. Vi har hatt ein fin og laang sommar i år. Kameraet tok dessverre også ferie, men nokre få bilder har vi no til å dokumentere.
No er pappapermisjonen godt i gang, og det same gjeld jobbinga til mor. Kjekt og rart på same tid! Jobbar heldigvis berre 60%, så overgangen er ikkje så altfor stor.